Helga Evju

Til venstre: Helga i ei sjøllaga Hardangerdrakt frå rundt 1915. Til høgre: Bordduk
i sprang.
Helga Evju (1894 - 1947) voks opp i ein fargerik familie med skapande evner på fleire områder innan folkekunsten på garden Evju i Sauherad. Ho synte tidleg evner og interesse for ulikt handarbeid og utvikla seg til å bli ein dyktig tekstilkunstnar. Etter henne fins fleire folkedrakter, og ho var med på å utvikle Aust-Telemarkbunaden. På Evju Bygdetun er det ei stor samling av sprang eller bregding etter henne. Denne boka gjev eit levande bilete av ei skapande kvinne med flittige hender.
|
|
|