I byrjinga av femtitalet var ein ganske fattig på oppfatningar av kva farga folk var. I Bø var me alle absolutt kvitmåla med namn som Halvor og Tor, Anne og Ingebjørg. Vidkun hadde gått av moten for nokre år sidan. Ein hadde kanskje lese om negrar i ”Onkel Toms hytte” og sett nokre på bilde eller ein sjeldan gong på Bø kino- og da bare på lerretet. I tillegg hadde ein vore med på sketsjen ”Ti små negerbarn”, og i barnemisjonen til fru Solbakken ved Bø stasjon hadde ein lært at det var synd på dei fordi dei var både fattige og hedningar. Me både bad for dei og hadde basar.
Passfoto 17 år.
Rocky og Liv på den velkjende hotelltrappa.
I 1954 blei Liv Jægersborg kjent med Rocky på Lifjell Hotell. Ho hadde sin fyrste jobb, og han var tilsett som altmoglegmann av drivarparet Håvard og Anne Katrine Østbø. Han budde i Espedalsstugo. Liv minnast ein sjarmerande og svært snill 25-åring, men han hadde óg temperament og lynne kunne svinge. Ho huskar dei hadde oppvisningar i swing for gjestene. Han hadde ofte med gåver, og dei lærte raskt at ein ikkje måtte seia nei. Ein gong sa han det slik at han hadde vore fattig heile sitt liv, og at det var så godt å gje noko til nokon som blei glade for det.
Dei sydde til gjengjeld putevar og dukar som han sendte heim til mora. På Lifjell fekk han sitt fyrste og einaste møte med ski. Betjening gav han eit par som han måtte prøve. Det blei med den eine gongen. Liv minnast at han gjekk og fraus noko forferdeleg den fyrste vinteren på Lifjell.
Mang ei ung jente fortalte stolt i venninneflokken at ho hadde gått i gata med Rocky. Han var høg, blid og sjarmerande. Også var han ein ”racer” til å danse på laurdags-festane på Sandvin, ikkje minst tango og den nye swingen. Det hendte at dei andre para slutta å danse for å sjå Rocky boltre seg. Alle ville danse med Rocky, men dei måtte vente til han baud dei opp. Kva drøymane seinare på natta inneheldt, kan ein bare gjette seg til.
"The Crazy Tunes" med Arne Tangen t.h.
Rocky var ein pertentleg kar og fin i kleda, og det var litt av eit syn kvar gong Rocky slentra elegant opp gata med ei pakke skitne klede, som skulle til rens, på hovudet. På festane der ”The Crazy Tunes” med Arne Tangen spela opp blei han eit trekkplaster, og det hendte han tok ”mikken” og sang ”Beatiful Brown Eyes”. Store greiur for bøungdom som var flaska opp med ”Søstrene Bjørklund” og ”Drangedalskvartetten”.
Miriam. Foto frå 1955.
Han hadde alltid bilde av mora med seg, og kvar einaste månad sendte han delar av hyra til henne, som på det viset fekk seg eige hus.
I dag sit Rocky på Ringsevja Bo- og Servicesenter. Han var lenge ein fast tilskuar på heimekampane til fotballaget på Ulefoss. Nå må han bruke gåstol til døra og rullestol derifrå. Fjernsynet fyller tida, og han syns han har det bra. Han minnast med vemod mora. Ettersom me får fram minna frå Bø på femtitalet, kjem smilet og gløden tilbake. Eg spør om korleis han trur det ville ha gått om han ikkje hadde møtt ein bøhering. Han svarar med eit smil at Trinidad i 1946 var ingen verande plass.